18.11.2010

Ein bussjåfør, ein bussjåfør

Hei, alle saman!
Eg har skrive eit kåseri om bussjåførar:

Biletet er henta frå http://wsa.wesleyan.edu/2010/02/spring-break-shuttles/bus-driver/



Ein bussjåfør, ein bussjåfør

Bussjåførar er ikkje alltid i godt humør, sjølv om barnesongen "Ein bussjåfør, ein bussjåfør" hevdar det. Vi vert altså fôra med busspropaganda heilt frå barndomen av. Difor veks vi opp med ei urealistisk von om at det ikkje er så ille å ta bussen. Det er ikkje før ein vert eldre at ein oppdagar den fæle sanninga; barnesongen tok feil.

Som i alle andre yrke er sjølvsagt bussjåførane veldig ulike. Det gjer likevel ikkje situasjonen betre. Tvert imot vert alt mykje meir forvirrande, for vi veit aldri kva vi kan forvente oss. I løpet av nokre få sekund må vi vurdere kva for ein type bussjåføren er. Er han snill eller gretten, er han godhjarta eller er han rett og slett vond? Sjølv for ein røynd busstakar kan det vere vanskeleg å avgjere.

Vi kan dele bussjåførar inn i fire kategoriar. Den fyrste er dei snille sjåførane. Dei seier ”Hei!” når du kjem inn, og dei bryr seg ikkje om du manglar eit par kroner. Sjåførane innafor kategori ein er verkeleg menn med godt humør. Den andre kategorien består av dei hjartelause. Dei stoppar bussen berre for å seie at han diverre er full. Dei hevdar at dei er lei for det, men dei klarar sjeldan å skjule sitt skadefro smil. Den tredje kategorien er dei som latar som om dei høyrer til i kategori ein, men eigentleg er dei berre ute etter å ta deg. Viss du er på ein buss med ein sjåfør av denne kategorien, gjeld det å vere på vakt. Sovnar du, vil han straks køyre dit han brukar å parkere bussen for natta, låse deg inne, og rusle vekk, godt nøgd med innsatsen for dagen. Likevel er det kategori fire som er den aller verste. Dei er vonde tvers gjennom. Ein kald vinterdag du gler deg til å komme inn i den varme bussen er det dei i denne kategorien som ignorerer din utstrekte hand og berre køyrer rett forbi. Det einaste du rekk å sjå før bussen forsvinn rundt svingen, er det hånlege fliret til bussjåføren. Diverre er fleirtalet av bussjåførar innafor kategori to, tre og fire.

Felles for alle er at dei kjem for seint. Viss du skal rekke noko, må du rekne med at bussen er forsinka med mellom fem og ti minutt. Når du fyrst kjem på, må du gjennom ein innfløkt prosess med betaling eller vising av månadskortet. Viss du betalar kontant, er du garantert å få ein vaksenbillett uansett kor gammal du er. Prøver du å fortelje at du framleis er barn, spør bussjåføren om du kan bevise det. Etter eit spakt forsøk på å forklare at ein vanlegvis ikkje har med seg passet sitt overalt, smiler sjåføren sleiskt og seier at det er det som er meininga med eit pass. Det aller verste er likevel viss ein buss er fem minutt forseinka og sjåføren seier at overgangen din gjekk ut for tre minutt sia..

Sjølv om du mot all forventing kjem deg på bussen utan vanskar, er det ikkje sannsyneleg at du kjem like lett av han. Viss du til dømes må rope ”Stopp!” til sjåføren fordi stoppknappen ikkje fungerer, er du ille ute. Då aukar han ”tilfeldigvis” farten til han har køyrd forbi stoppet.

Det er mange som vel å gå eller sykle for å unngå å ta bussen. Då kan du rusle av stad langs vegen i godt humør. Du smiler nøgd for deg sjølv når du tenkjer på at du slapp å møte ein vondsinna bussjåfør. Men viss du trur de er trygg for dei sjølv om du ikkje tek bussen, tek du sørgjeleg feil. Plutseleg ser du bussen nærme seg som i sakte film. Bussjåføren stirar intenst på noko, og når du følgjer blikket hans oppdagar du ein gigantisk vassdam rett ved sia deg. Du prøver desperat å vri deg unna, men det er for seint. Hjula brøyter seg gjennom vatnet, og sender det i ein elegant boge som plaskar ned rett over deg. Medan du står og vrir opp kleda dine, er det som om du kan høyre sjåføren le vondskapsfullt og rope ”Der fikk eg deg!”.

Så kvifor har bussjåførane fått så positive barnesongar om seg? Fyrst lærer vi at hjula på bussen går rundt og rundt, og så lærer vi at bussjåførar er menn med godt humør. Kan det vere foreldra som står bak propagandaen, fordi dei er lei av å køyre ungane? Eller er det bussjåførane? Heilt til nokon vedgår å stå bak propagandaen, held det svingande humøret til bussjåførane fram med å vere eit av dei store mysteria i livet.


-- Yvonne

5 kommentarer:

  1. haha, bra kåseri Yvonne! :)

    SvarSlett
  2. Veldig bra yvonne :) Jeg lo ganske mye inni meg, og jeg likte veldig godt kategoriene!

    SvarSlett
  3. Yvonne, du er sjukt kul. Jeg liker din herlige tolkning av disse supre skapningene som virkelig gjør hverdagen min levbar. Nydelig! :D

    SvarSlett
  4. morsomt kåseri Yvonne! Likte at du kategoriserte bussjåførene. Hahah!

    Amy

    SvarSlett
  5. Fantastisk bra kåseri! Kalvø gå heim og vogg! TO utropsteikn frå læraren, treng du meir. Bra jobba, sjølv med nynorsken. Eg gler meg til tentamen.

    SvarSlett