08.11.2010

Sin City

Fleire har spurt meg om eg kunne analysere Sin City. Eg hadde ikkje sett han før, men han verka spennande å analysere, så her kjem min analyse av han:

Handlingsreferat:

Filmen Sin City er basert på ein teikneserie med same namn. Filmen tar for seg fire forskjellige historier, og alle går føre seg i ein by som heiter Basin City (betre kjend som Sin City). Dei fire historiene heiter ”The Customer Is Always Right”, ”That Yellow Bastard”, ”The Hard Goodbye” og ”The Big Fat Kill”. Kvar av historiene har si eiga handling, og det er ikkje nokon tydelege samanhengar.

”That Yellow Bastard” handlar i hovudsak om ein politimann som heiter John Hartigan. Han prøver å stoppe barnemordaren Roark Junior frå å valdta og drepe ei jente som heiter Nancy Callahan. Hartigan klarer å uskadeleggjere mennene som hjelper Roark, før han vert skoten i skuldra. Roark stikk av, men Hartigan klarar å ta han att ved brygga.  Der skyt Hartigan av handa, øyret og kjønnsorganet til Roark. Ein av hjelparane som hadde overlevd, snik seg innpå Hartigan og skyt han i ryggen, slik at han mistar medvitet. 
Hartigan vaknar på sjukehus. Roark Senior, som er senator, fortel han at han er heilt kurert. Senatoren seier òg at Hartigan kjem til å få skulda for alle brotsverka til Roark Junior, og at han kjem til å hamne i fengsel. Før han vert sperra inne, lovar Nancy å skrive brev kvar veke. Ho held lovnaden i åtte år, men ein dag kjem ein avkappa veslefinger i staden. Hartigan vert redd for at noko har skjedd Nancy, så han skriv under på ei tilståing slik at han vert sloppe ut av fengsel på prøve. Han sporar opp Nancy, som no er ei 19 år gammal strippar, utan å merke at ein gul mann følgjer etter han. Litt for seint oppdagar Hartigan at han har vorte lurt til å føre den gule mannen til Nancy. Saman flyktar Nancy og Hartigan til eit hotell, men den gule mannen følgjer etter dei.  Idet han snakkar, skjønar vi at det er Roark Junior. Han vart gul etter ein operasjon for å få attende kroppsdelane sine.  Han skadar Hartigan, og tek Nancy med til ein gard for å fullføre det han starta for åtte år sia. Hartigan finn dei i tide, og han drep Roark Junior, sjølv om han veit at senator Roark aldri vil la han vere i fred. Etter å sendt Nancy i førevegen heim, tek han sitt eiget liv for å gi Nancy ei trygg framtid.

”The Hard Goodbye” handlar om ein mann som heiter Marv. Ei prostituert jente som heiter Goldie vert myrda medan ho er ved sida den sovande Marv, slik at politiet trur at han er mordaren. Marv ynskjer å hemne Goldie, så han leitar etter den verkelege mordaren. Tvillingsystera til Goldie, Wendy, hjelper han. Dei får vete frå ein av skurkane at mordaren heiter Kevin, men at det var Kardinal Roark (broren til Senator Roark) som stod bak.  Dei finn Kevin, som er ein kannibal, og etter mange vanskar klarar Marv å drepe han. Kardinalen vert òg drepen av Marv, men på veg vekk frå åstaden vert han fanga av politiet. Neste dag vert Marv avretta.

I ”The Big Fat Kill” prøver ei gruppe prostituerte å få tak I hovudet til ein mann dei har drepe.  Etter drapet fann dei ut at han var ein politimann som heit Jack Rafferty, og dei ville ikkje bryte våpenkvila med politiet. Difor var den einaste løysninga å kvitte seg med hovudet.  Becky, som òg er ei prostituert jente, forråder dei andre ved å fortelje om drapet til nokon hjelparar av politiet. Dei stel hovudet. Med hjelpa til ein mann som heiter Dwight, klarar dei prostituerte å få tak i hovudet, og dei drep alle hjelparane til politiet. Becky klarar å stikke av.

”The Customer Is Always Right” handlar om ein leigemordar. I byrjinga av filmen ser vi at han drep ei ukjend kvinne, og på slutten står han og Becky åleine i ein heis. Vi får ikkje vete om han drep ho, men det er sannsyneleg, særleg fordi han brukar dei same replikkane som i byrjinga.

Verkemiddel:

Kronologi:
To av dei fire historiene er delt opp, slik at vi ikkje får sjå heile historia med ein gong. Desse to er ”The Customer is Always Right”, og ”That Yellow Bastard”. I byrjinga av filmen får vi sjå den fyrste delen av “The Customer Is Always Right”, der leiemordaren  drep den ukjende kvinna. Etter dette vises tittelen på filmen, før vi får sjå den fyrste delen av ”That Yellow Bastard”. Historia føregår i kronologisk rekkjefølgje, heilt til ho vert avbrote idet Hartigan mistar medvita på brygga. Deretter vises heile historia til ”The Hard Goodbye”, og heile historia til ”The Big Fat Kill”, og innafor kvar av desse historiene førgår handlinga i kronologisk rekkjefølgje. Etter ”The Big Fat Kill”, vender vi attende til ”That Yellow Bastard”, og alt skjer framleis i kronologisk rekkjefølgje. Heilt til slutt får vi sjå del to av ”The Customer Is Always Right”, der leiemordaren står i heisen saman med Becky.



Eg trur regissørane har valt å dele opp ”That Yellow Bastard” for å halde på interessa til sjåarane. Etter den fyrste delen vert ein nyfiken på kva som kjem til å skje med Hartigan og Nancy. Medan ein ser ”The Hard Goodbye” og ”The Big Fat Kill”, byrjar ein å lure på kva som er samanhengen mellom historiene. Etter kvart skjønar ein at den einaste samanhengen er at alle historiene føregår i Sin City. ”The Customer Is Always Right” medverkar til at filmen får ei spennande byrjing og ein slutt som er open for tolking.


Tempo:
Sin City er ein actionfilm, og difor er han avhengig av at tempoet er temmeleg snøgt. Det er vanleg med høgt tempo i filmar med mykje handling, særleg fordi målgruppa ikkje er interessert i å sjå ein film der det tek ein halvtime før noko skjer. Dette gjer at ein får fortalt ei kompleks historie på kortare tid.
Sin City er ikkje ein særleg kjensleprega film, og vi vert ikkje så kjend med personane. Altså vert det ikkje bruka tid på å skape band mellom sjåaren og hovudpersonane. Dette kan til tider gjere at ein ikkje får med seg kven historia handlar om før etter ei god stund. Samstundes hadde det vorte ein ofseleg lang film viss vi skulle vorte kjend med alle personane, for det er eit omfattande persongalleri.


Fargebruk og ljos:
Fargebruken i Sin City er kanskje det mest oppsiktsvekkjande ved heile filmen. Han er faktisk i svart-kvitt, endå han kom ut i 2005. Likevel er det nokon ting som er i fargar. Til dømes har alt blodet farge. Det er òg nokon klesplagg  som har farge, og eit menneskje har farge på auga. Eg trur regissørane har valt å gjere det slik for at filmen skal minne meir om teikneserien, for fargebruken er slik der òg.
Dama i byrjinga av filmen har ein raud kjole, og ho har raude lipper. Seinare får vi sjå at Goldie òg har ein raud kjole, og at Dwight har på seg raude sko. Eg trur den raude fargen kan symbolisere blod eller dauden, for båe damene døyr, og Dwight drep mange. Eit anna døme på at raud symboliserer daud er at himmelen er raud når dei prostituerte drep hjelparane til politiet i ”The Big Fat Kill”.
Det mest interessante med Goldie er likevel at ho er den einaste personen som er heilt i fargar. Ei årsak til dette kan vere at ho av Marv vert skildra som den perfekte kvinne. At ho er i fargar underbyggjer denne påstanden, og ho skil seg ut frå alle dei andre personane.
I annan del av ”That Yellow Bastard”, er Roark Junior gul. Det gjer at tittelen på teikneserien gjev meining, samstundes som han er lett å oppdage. Gul symboliserer ofte feigskap, og dette gir meining med tanke på handlingane til Roark Junior.
På Becky får vi sjø augefargen, men ikkje noko meir. Ho har store, ljosblåe auge, og dette medverkar til imaget hennar som ei ung og godtruande jente. I tillegg gjer det at vi lettare kan skilje ho frå dei andre jentene.
Blodet varierer mellom å vere raudt og kvitt, og berre for den gule mannen er blodet gult. Dette gjer at ein lett får auge på blodet, og kor personane har sår. I tillegg vert det ein dramatisk effekt under slåstkampane og når nokon vert skoten.
I nokon scener, vert kontrasten skrudd heilt opp, slik at vi berre kan skilje mellom svart og kvitt (ikkje grånyansar). Eit døme på ei slik scene er når Hartigan tek sitt eiget liv. Den høge kontrasten gjer at vi tydeleg får med oss kva som skjer, og det vert ikkje nokon forstyrrande detaljar.
Ljoset i filmen er òg nokså spesielt. Sjølv om mykje av handlinga går føre seg utandørs, er det ikkje noko tydeleg solljos i filmen. Alt ljoset verkar kunstig, og det er oftast kvitt. I tillegg kjem det ikkje frå ei bestemd ljoskjelde, det kjem frå alle plassar på ein gong, eller direkte på sia av andleta til menneskjene. Dette er typisk for teikneseriar, og det gjer at regissørane kan avgjere kva for nokon delar av andletet som skal vere i skuggen. På den måten vert det lettare å streke under andletsuttrykk og sinnsstemningar.
Ljoset som kjem frå politisirenene er det einaste ljoset som er i fargar, og det gjer at vi lett kan sjå når det kjem ein politibil.


Bruk av kamera og bilete:
I byrjinga av filmen går kameraet i ein spiral oppover, slik at vi får sjå eit oversiktsbilete over heile byen i fugleperspektiv. Elles er filmen i hovudsak filma i normalperspektiv, bortsett frå når nokon hoppar ned frå ei høgde. Då er det filma i froskeperspektiv, og det gjer at hoppet verkar meir imponerande og dramatisk enn det elles ville gjort.
Det er mange nærbilete i løpet av filmen, men for å vise kva personane gjer må vi få sjå litt meir. Difor er det ofte slik at vi får sjå heile personen, og delar av omgjevnadene rundt. Det er berre når nokon snakkar at det vert zooma inn på andletet, slik at vi tydeleg skjønar kven som snakkar.


Kostymer:
Mennene i Sin City har på seg klede som er moderne, og som ikkje ville skilt seg ut i dagens samfunn. Dei aller fleste kvinnene i filmen er prostituerte, og dei har kleder som står i samsvar med det. Med andre ord har dei ikkje på deg så mykje. Kvinna i byrjinga, og Goldie, har som nemnt på seg raude kjolar. Dette gjer at dei verkar mykje meir elegante enn dei andre kvinnene. I løpet av filmen er det nokon kvinner som har på seg vanlege kleder, og det er dei som skal verke vanlege og uviktige.


Musikk:
Ein legg ikkje særleg godt merke til musikken i Sin City medan ein ser han. På den måten medverkar musikken til å skape sinnsstemningar utan at sjåaren er heilt medviten på at det skjer. Musikken er lav, med mykje djupe tonar, og den vert meir og meir intens. Dette gjer at spenninga byggjer seg opp for sjåaren, og ein vert nyfiken på kva som kjem til å skje.


Mi meining:
Sin City er ein av dei merkelegaste filmane eg har sett på lenge. Like etter å ha sett han syntest eg ikkje han var særleg bra, men etter kvart som eg skreiv denne analysen likte eg han meir og meir. Då måtte eg tenkje meir over handlinga og verkemidla, og eg innsåg at filmen er laga på ein gjennomført måte. Han er annleis, og det var fint å sjå ein film som ikkje hadde ei føreseieleg handling. Eg er temmeleg lei av filmar som har den same handlinga som alle andre, berre med andre skodespelarar, så Sin City var eit etterlengta avbrekk frå det.
Eg trur Sin City passar best for tenåringar og vaksne. Det er kanskje litt meir blod enn nokon er komfortable med, men filmen er veldig bra laga, så eg tilrår alle å sjå han!  


-- Yvonne

24 kommentarer:

  1. Dette var veldig bra Yvonne!:) Godt jobbet!

    SvarSlett
  2. WOW, har du nynorsk som hovedmål? Dette var i alle fall fantastisk bra!

    SvarSlett
  3. Sykt bra Yvonne:)))
    eller... jeg tror det er bra da siden du er smart men jeg gadd ikke lese gjennom hele dette innlegget:)))

    SvarSlett
  4. Kjempebra Yvonne <3 <3

    SvarSlett
  5. Dette var veldig bra, både med tanke på nynorsken og med tanke på analysen! :)

    SvarSlett
  6. Dette var intressant, Yvonne! Jeg har ikke sett filmen, og jeg har også alltid ment at den er alt for rar for min smak. Men nå skal jeg prøve å se den:)

    Du er god i nynorsk også, pluss for det!

    -Eva

    SvarSlett
  7. Så flink du er Yvonne!!! må ha brukt litt tid på det ;) hehe

    - vilde

    SvarSlett
  8. Du har fått med deg mye interessant, og analysen var utdypende og oversiktlig! I tillegg er du veldig god i nynorsk. Veldig godt jobbet! :)
    - Maria

    SvarSlett
  9. Strålende arbeid Yvonne! Du er så flink til alt mulig, spansk til og med!
    Miamo <3

    Guro

    SvarSlett
  10. Så flink du er Yvonne! Dette var kjempe bra og nynorsken din ruler! Akkurat som deg;) klem fra Tuva

    SvarSlett
  11. Kjempe bra Yvonne! Du gjorde handlingen i filmen mye lettere å skjønne enn det den faktisk er i filmen! Et ellevilt innlegg med andre ord :P

    Bra jobbet, klapp på skulderen og sånn :)

    - M.K:)

    SvarSlett
  12. Kjempe bra Yvonne. Dette er du flink til:)

    SvarSlett
  13. her har du fått med alt som trengs i en vellykket anaylse! kjempe bra og utfyldene. du er flink, du! men det vet vi.. <3

    SvarSlett
  14. Dødsbra analyse, Yvonne!!! Du er så fliiink!

    SvarSlett
  15. Den var laaaang!! blir like imponert hver gang over at du klarer å skrive så langt, intressantgt og meningsfylt. Det er godt gjort!! og nynorsken er en fryd å lese=) Jeg er sikkert den eneste, men: nynorsk<3

    SvarSlett
  16. mente selvfølgelig interessant=P

    SvarSlett
  17. Caroline Ø10/11/10 17:55

    så imponerende Yvonne! du er kjempe flink, og jeg fikk lyst til å se filmen! :D

    SvarSlett
  18. Omg ! Som jeg nevnte tidligere; du har overgått deg selv igjen. Du har med alt som trengs i en god/awesome/perfect analyse, og nynorsken din er utrolig bra.

    M 2the I 2the K 2the K 2the E 2the L :)

    SvarSlett
  19. Lille-Merete10/11/10 20:57

    Yvonne, ja dette må eg seie var ein fryd å lese. Det er tydeleg at du har jobba sprenghardt for å oppnå dette nydelege verket av ei filmanalyse som innehald alt ei filmanalyse skal innehalde! Eg har teke meg den fridom å kommentere på nynorsk for å hedre analysa di. I tillegg er eg jo beæra over at du såg filmen i lag med meg!
    Eg er samd i din meining om filmen; han er merkeleg, annleis, men bra på sin særeigne måte, og teikneseriepreget gjer han unik.

    Kjærleik frå Merete.

    SvarSlett
  20. Dette var virkelig bra Yvonne! Blir overasket over hvor langt du klarer å skrive! Veldig bra nynorsk, og som flere har sagt tidligere, fikk jeg lyst til å se filmen :) Du har skrevet laaaangt! :) men det var veldig lett å forstå handlingen i filmen, og jeg syns du har overgått deg selv her! <3

    - Vilde

    SvarSlett
  21. Eva Murray10/11/10 22:40

    Hmm, nå blei eg litt nyfiken på denne filmen eg og. Kanskje eg må sjå han i romjula. Trur ikkje eg har tid og ro før det :) Bra analyse og fantastiske kommentarar du har fått.

    Helsing mor di :)

    SvarSlett
  22. Dette var en utrolig god analyse, både språk og innhold.


    - Dave

    SvarSlett
  23. Dette var ein utruleg god analyse på dette nivået, Yvonne. Nynorsken din er og god, det må eg si. Jobb berre med dei over-nynorske formuleringane ("verkemiddel", for eksempel). Attende til analysen: Her følgjer du ei nøye oppsett analyse, og eg saknar ingenting. Eg har sjølv sett filmen, og skal eg pirke er det nok ein del meir å hente når ein snakkar om tematikk (kvifor er det, til dømes, brukt prosituerte som ein raud tråd?). Men det høyrer heime på eit høgare nivå. Her luktar eg at du kunne klart 6are, nemleg, og difor vil eg gjerne pushe deg litt. Merete, som har kommentert over her, har og ein del gode poeng, som deg - de to stiller sterkt innanfor denne, som andre, sjangrar. Flott arbeid!

    SvarSlett
  24. Thanks for sharing such a good thinking, paragraph is fastidious, thats why i have read
    it entirely
    Visit my web blog :: Instalación geotermia en Toledo

    SvarSlett