14.11.2010

Kina sin reaksjon på Nobels fredspris


Eg valte som sagt ein artikkel om Kina sin reaksjon på Nobels fredspris, frå Dagsavisa. I staden for å gjere akkurat slik som førre gong, bestemte eg meg for å skrive litt meir om kva artikkelen handla om i tillegg til å skrive litt om sjølve saken. Eg håper han fall i smak:


- Artikkel (intervju) –

Kina sin reaksjon på Nobels fredspris, Dagsavisa frå onsdag 27. oktober.


Biletet viser demonstrantar som ønske løy
slatelse av fredsprisvinnar Liu Xiaobo.
Biletet fann e
g på:
http://www.theaustralian.com.au/news/world/obama-urges-china-to-free-nobel-successor/story-e6frg6so-1225936369390


Analysens handling og saken generelt:

Nobels fredspris har blitt omtalt som verdas mest ærefulle pris, og har blitt delt ut i over 100 år. Den 8. oktober bestemte den Norske Nobelkomite at kinesaren Liu Xiaobo skulle få han i år for "hans lange og ikkje-voldelige kamp for Kinas menneskerettighetar og ytringsfridom". Majoriteten av Kinas maktelite er sterkt ueinige i dette, blant anna fordi han i desember i fjor ble fengsla for å ha "våga å fremje demokrati i Kina" (VG). Fredsprisen er også blitt kritisert av fleire kjelder i Noreg, mellom anna av Gerhard Heiberg i IOC (Den internasjonale olympiske komité). Argumentasjonen er at fredsprisen verkar forstyrrande for Kinas utvikling mot demokrati. Mange meiner også at utdelinga hindrar veksten i investeringar i Kina. Som eit resultat av tildelinga har Kina trekt seg frå fleire møte og forhandlingar med norske politikare og forretningsfolk. Dette blir brukt som eit argument mot fredsprisutdelinga til Liu.



For å konkludere synast eg at det er heilt riktig av Noreg å gi fredsprisen til Liu Xiaobo. Ein uavhengig komité burde få lov til å utdele prisen til ein høgst passande vinnar utan kritikk. Kinas protester mot fredsprisen er fullstendig irrasjonelle og ein kan ikkje hevde å representere eit folk som er sensurert, trua til tystnad og fengsla. Dermed ville det vore feil å ta omsyn til kva Kina synast om Noreg sitt val av fredsprisvinnar.



Estetiske virkemidla:

Ved fyrste augekast på artikkelen tar det store, og einaste, bilete oppmerksemda. Det er plassert midt på sida og avbildar ein kinesisk politimann i sivil. Han står utanfor huset til den fengsla nobelprisvinnaren Lui Xiaobo, og held handa si halvvegs føre kameraet i eit forsøk på å stoppe fotografane i å ta bildar. Han rynkar bryna og ser litt bekymra ut. Biletet kan være eit symbol på den Kinesiske befolkninga som blir, som eg skreiv tidligare, sensurert, trua til tystnad og fengsla. Layouten er elles ganske enkel.

Det andre ein legg blikket på er overskrifta som er stor og sort. Den seier ”- Irrasjonell respons”, som er ein passande overskrift til artikkelen. Resten av teksten består av svart skrift i normal størrelse, utanom nokre raude punkt som markerer spørsmåla. Journalisten har ikkje tatt i bruk underoverskrifter, men det trengst heller ikkje med tanke på at spørsmåla deler teksten opp i ein type avsnitt. Han har valt å ha ein bilettekst som forklarar kven denne mannen er, men på grunn av måten biletet er tatt på kan ein også tolke det på sin eigen måte.

Eg trur at saken i seg sjølv er så viktig at journalisten ikkje trong sterke virkemidlar i form av spesielt store overskrifter i raudt og liknande.


---Fanny

3 kommentarer:

  1. Anna Grønset15/11/10 13:17

    utrolig bra fanny! :D kjempe interessant analyse!

    SvarSlett
  2. Kjempe bra! Du er flink i nynorsk!!

    SvarSlett
  3. Hei Fanny. Nynorsken er slett ikkje verst! Litt verb, men noko skal det jo være. Analysen manglar ei lenke til saken, synest eg, men fint at du bruker bilde sidan du først og framst skal sjå på det visuelle. Men feite typar, ingress og brødtekst er og viktig når ein snakkar om avis. Hugs det. Du har ein interessant, personlig refleksjon som vitnar om mogenheit mot slutten. Det gjer lesaren interessert; bra.

    SvarSlett