14.11.2010

Teateranalyse

Hei, alle lesarar!
Teateranalyse, Eit dokkeheim.
Ekteparet Torvald og Nora Helmer levar eit liv fylt av lukke og fred i eit prestisjefullt hus med stuepike og barnepassar for dei tre ungane Ivar, Bob og Emmy. Me får vite at Torvald er blidt bankdirektør for aksjebanken og Nora er heimegåande. Stykket startar i romjula, og Nora kjem heim med julegåver og eit juletre. Andre mennekjer kjem etter kvart inn i stykket, som sakførar Krogstad, fru Linde og doktor Ranke. Fru Linde er ein gammal venninne av Nora, men ho er for augeblikket enke. Seinare får fru Linde treffe sakførar Krogstad som er ein gammal kjent man. Linde har for augeblikket ingen jobb, og dermed blir Nora i stand til å tale saken hennar for Torvald. Sakførar Krogstad får vite at fru Linde har fått jobb i aksjebanken, og seier Nora må påverke Torvald slik at Krogstad får behalde jobben sin. Men så enkelt er det ikkje. Torvald har allereie ikkje eit godt auge for Krogstad og sender han eit oppsigelisesbrev. Dette tvinger herr Krogstad til å sende Torvald eit brev kvar det står at ho har satt opp eit lån frå far si utan Torvalds tillating. Han har ogso oppdaga at datoen på gjeldsbrevet var datert tre dagar etter døden til faren hennar. Nora forfalska underskrifta og drama byggjer opp korleis hun klarar å halde denne løyndom frå ektemannen hennar .

Dramaet byggjer opp Nora ettersom nervøsiteten og spenninga blir større utover stykket. Det startar med at Nora er ei lykkeleg kvinne i eit storslått heim med alt ho trengjer, men resten av stykket etter at nora fekk vete om brevet, får vi meir og meir innblikk i kva slags person ho er. Vi kunne ogso få nokon små assosiasjonar frå byrjinga. Da ho kjem heim var ho veldig nøye på korleis ho skulle ha det. Ho var ogso nervøs for barna, og om ho ville gjere det bra på danseførestellinga ho skulle framføre på julaftan. Disse følingane ble meir og meir tydeleg utover stykket. Kvar gang Torvald var nær inngangsdøra var Nora på vakt for han skulle ikkje få vite om dette brevet. Dette blei veldig inntents å vere vitne til etter kvart, men det var ogso veldig interessant å sjå kor viktig ein man kan vere hos ei kvinnes augo. Nora ville gjennom heile stykket ha ein god jul med familien, og ikkje la Torvald vitne kva slags ulumskheitar ho har stelt i stand.

Nora var kledd slik at det ville reflekterte korleis ho var og korleis vi som lesarar ville oppfatte ho. Gult og lyst oppsetta hår, blå augo og fine lyse kleder var hjørnesteinen i utsjånaden hennar. Disse trekkane karakteriserer noko positivt og det visar at ho er ein veldig glad person. Dermed er det eit veldig sterkt vendepunkt når det startar å få svingingar.
Ikkje berre får vi vitne korleis Nora kan vere, men ogso Torvald. Da han finnar ein haug med brev i postkassa, ser han ogso brevet ifrå Krogstad. Da han var ferdig med å lese det, får vi eit vendepunkt som er med på å endre heile forteljinga. Torvald får det temperament Nora frykta frå starten. Han trur at heile familien er fortapt i eit gigantisk gjeldshaug. Dette får Nora oppleve med både sinne og tårar. Ein side av Torvald ho aldri har sett før blir framstilt på eit veldig dårlig tidspunkt. Nora får oppleve ein side av Torvald ho ikkje har opplevd før og ho får disse tankar om at ho kanskje ikkje har kjent mannen hennar så godt som ho trudde. Dette får ho muliges ogso til å tru at ho ikkje har vore viktig, og at ho berre har vore ei kvinne som har jobba i ein manns hus i åtte år. Ho har ikkje vore noko anna enn ei dokke.

Min meining:
Eit dokkeheim representerar klart og tydeleg korleis livet til ein storslått norsk familie levde under realismen. Eg syns at den er god til å gjenspegle korleis kvinners rettighetar i samfunnet og heim var på den tida, noko som eg syns var viktig i forhold til tidsepoken og tittelen på stykket. Eg meinar at dette teaterstykke er eit legendarisk eksempel på dei samfunn me hadde i Noreg under realismens tidsepoke.

3 kommentarer:

  1. Ikkje lett å analysere eit heilt teaterstykke, iallfall ikkje det estetiske! Her manglar analysa di ein del, men eg synest det er imponerande at du prøver deg på Ibsen. FLOTT! Nynorsken treng arbeid, dog - her er det litt Sylfest Strutle ;) FInt at du påpeiker dette med lys og lett framtoning hos Nora

    SvarSlett
  2. Play casino with real money - DRMCD
    For 강릉 출장샵 your convenience, a game of roulette can be found in almost every casino 대전광역 출장안마 on the web. But how 밀양 출장안마 is the casino and how 동해 출장샵 do you play it? 화성 출장안마

    SvarSlett