19.11.2010

”Tilværelsens uutholdelige letthet”


Eg fann bilete på: http://rosetheone.blogg.no/


Det er eit paradoks at den tida på døgnet ein er minst opplagt skal man foreta ei rekke vanskelige val, som er avgjørande for resten av dagen. Skal eg dusje? Skal eg vaske håret eller kan det vente til etter treninga? Kva skal eg ha på meg? Skal eg droppe maskara i dag eller ikkje? Skal eg ha hestehale eller utslått hår? Skal eg ta boblejakke eller kåpe? Skal eeg ta gummistøvlar eller støvletter? Ei rekke viktige spørsmål, og bare du, og du aleine, kan ta disse vala.

Val av vidaregåande gjer du ein gong i livet, utdaningsval gjer du også berre ein gong, ein går til valurnene annakvart år, men ”kvardagsvala” skal du foreta fem dagar i uka, heile året. Berre å tenke på det gjer at sveitten begynner å piple frem under panneluggen, som eg valte å ha laus i dag. Er det nokon som seier at livet er lett? Høyrar eg nokon kvisle at ungdom får sydd puter under armane?

Etter ein har jobba seg gjennom nokon av morgonens utallige val, kjem du kanskje til det mest krevjande av dom alle. Nemlig kva du skal ha på deg. Du trudde du var smart som la fram kleda kvelden før, men det var ikkje lenger like lurt når du finn ut at det er 15 minusgradar ute, og ikkje 3. Du får panikk, for du hadde jo ikkje regna med å bruke tid på å finne ut kva du skulle ha på deg! Du starten med å opne klesskapet ditt. Det er stappfullt av kleder, men likevel er det umulig å finne noko som er verdt å vurdere. Etter at du har stått og gapt føre klesskapet i det endeløyse, har du nå to val. Enten så gir du opp og ender med å slenge på deg noe som allereie låg fint plassert på golvet, eller du fortsetter ein febrilsk jakt etter noko å ha på deg i det såkalla klesskapet ditt. Viss du er riktig tøff kan du våge deg inn på fiendtlig territorium. Systrenes garderobar synast så mykje meir freistande enn min eigen. Eg tar på meg kamuflasjedrakt, den gamle grå morgonkåpa mi matchar perfekt min systers vegger, og risikerer å bli verbalt og fysisk overmanna. Det er ikkje bare mitt humør som likner regnet og morgontåka utafor. Men kva gjer ein ikkje for å kunne møte verda nokolunde presentabel.

Eg har no gått gjennom berre eit par av morgonens utmattande val. Berre å tenkje på dette gjer meg slapp og utilpass. Eg må gå til sengs for å opparbeide meg energi til morgondagens utfordringar. Kanskje eg skal ta en dusj, så slepper eg å ta det valet i morgon? Kven sa noko om ”tilværelsens uutholdelige letthet”?



---Fanny

8 kommentarer:

  1. Dette var et morsomt og bra kåseri Fanny Banny!

    SvarSlett
  2. Det var et morsmomt tema på ditt kåseri. Leste faktisk hele, og syntes den var bra:)

    SvarSlett
  3. Dette var morsomt å lese, Fanny! :D

    SvarSlett
  4. Oscar Nedrelid19/11/10 14:25

    Kjempe fint bilde, er det deg?

    SvarSlett
  5. Veldig morsomt kåseri! Bra nynorsk.

    SvarSlett
  6. Morosamt kåseri.

    SvarSlett
  7. Morosamt kåser - eg er heilt enig med "anonym" - her får du til mange av sjangertrekka. Nynorsken er heller ikkje verst!

    SvarSlett